Omgrepsbanken- hjelp elevane til å arbeide med omgrep

Share This Post

I StoryLab og IdeaLab har elevane tilgang til å søkje i tusenvis av symbol, figurar, bilete og videoar som er lov å gjenbruke.

Læring skjer gjennom handlingar der elevane utforskar og reflekterar med utgangspunkt i relevante omgrep. Difor har vi laga ein omgrepsbank som består av dei viktigaste omgrepa i LK20, slik at elevane kan oppdage samanhengen mellom omgrep, kombinert med visuell støtte.

Omgrepa dine er delt inn i fem hovudoverskrifter.

Dei grunnleggjande omgrepa er i all hovudsak basert på Magne Nyborgs modell for omgrepsundervisning. Born treng å lære slike grunnleggjande omgrep for å kunne identifisere likskapar, og dei er sentrale reiskap for å lære nye ting. Dømer på slike omgrep er farge, mønster, form, stilling, plass, retning, antal, lyd etc.

I omgrepsbanken kan barna søkje opp slike omgrep og oppdage kva underomgrep som høyrer til, med visuell støtte. Her er eit døme frå IdeaLab med utgangspunkt i omgrepet «Form»:

Dei grunnleggjande omgrepa er i all hovudsak basert på Magne Nyborgs modell for omgrepsundervisning. Born treng å lære slike grunnleggjande omgrep for å kunne identifisere likskapar, og dei er sentrale reiskap for å lære nye ting. Dømer på slike omgrep er farge, mønster, form, stilling, plass, retning, antal, lyd etc.

I omgrepsbanken kan barna søkje opp slike omgrep og oppdage kva underomgrep som høyrer til, med visuell støtte. Her er eit døme frå IdeaLab med utgangspunkt i omgrepet «Form»:

Ein sentral del av LK20 er at skulen skal leggje til rette for læring innanfor dei tre tverrfaglege temaa folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap, og berekraftig utvikling. Dei tre tverrfaglege temaa i læreplanverket tek utgangspunkt i aktuelle samfunnsutfordringar som krevjer engasjement og innsats frå enkeltmenneske og fellesskapet i lokalsamfunnet, nasjonalt og globalt. Elevane utvikler kompetanse knytta til dei tverrfaglege temaa gjennom arbeid med problemstillingar frå ulike fag. Kunnskapsgrunnlaget for å finne løysningar på problem innanfor temaa finst i mange fag, og temaa skal bidra til at elevane oppnår forståing og ser samanhenger på tvers av fag.

I omgrepsbanken er sentrale underomgrep til dei tre tverrfaglege temaa systematisert, med tilhøyrande visuell støtte. Det neste dømet er knytta til det tverrfaglege tema bærekraftig utvikling, og underomgrepet energikilder. Her får elevane opp ein rekkje ulike energikjelder å velje imellom. Klarar elevane å skilje mellom energikjelder som er fossile, og kva som er fornybare?

På same måte kan elevane arbeide med omgrepsbanken i arbeidet med dei to andre tverrfaglege temaa. Det er inkludert ei rekkje abstrakte omgrep som elevane kan utforske, med tilhøyrande visuell støtte. I omgrepsbanken knytta til demokrati og medborgarskap finn elevar omgrep som arbeidsliv, demografi, konfliktar, kultur, reglar, velferdsstat og mange fleire. I omgrepsbanken knytta til folkehelse og livsmeistring finn elevar omgrep som følelsar, identitet, kommunikasjon, mangfald, relasjonar, tradisjonar, venskap og mange fleire.

More To Explore
Digitale ressurser for fjernundervsining

Digitale ressursar for fjernundervsining

Med LearnLabs digitale læringsverktøy kan lærarar leggje til rette for god heimeundervisning, og samstundes arbeide vidare med sentrale omgrep i Fagfornyinga. LearnLab vil leggje ut