Sal, service og reiseliv vg1

Vg1 sal, service og reiseliv handlar om drift og service i verksemder. Programfaga hjelper elevane til å forstå betydinga av service- og vertskapsrolla og gir ei innføring i administrative og økonomiske oppgåver.

Her finn du oversikt over ressursane, sortert etter fag:

Forretningsdrift

I programfaget forretningsdrift fokuserast det på drift, utvikling og lønsemd av verksemder. Faget gir elevane innsikt i relevant lovverk, korleis økonomi er viktig for drift og utvikling, og kvifor HMS er grunnleggande viktig for forretningsdrifta.

I tillegg til ei kort innføring i bruken av LearnLab-ressursane, finn du her eit forslag til årsplan for skuleåret.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Denne serien dekkjer følgjande kompetansemål: gjere greie for reglar og lovverk som er relevante for servicenæringa, og forklare korleis dei regulerer drift av verksemder; gjennomføre og dokumentere arbeid i samsvar med gjeldande regelverk for helse, miljø og tryggleik.

Se denne ressursen i biblioteket

Denne serien omfattar følgjande kompetansemål: vurdere, kalkulere og tilpasse pris på eit produkt med tanke på kostnader og marknadssituasjon.

Sjå denne ressursen i biblioteket

I denne serien jobbar vi med følgjande kompetansemål: gjennomføre ei enkel risikovurdering og presentere tiltak som førebyggjer uønskte hendingar; følgje ein beredskapsplan og gjere greie for funksjonen og føremålet med beredskapsplanar.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Denne serien består av labbar og oppgåver knytte til kompetansemålet «beskrive ansvarsfordeling og kva dei ulike rollene i ei verksemd inneber, og utarbeide og presentere eit organisasjonskart». Oppgåvene er òg knytte til kjerneelementet «Drift, utvikling og lønsemd».

Sjå denne ressursen i biblioteket

Denne serien omhandlar følgjande kompetansemål: forklare og føre ein enkel rekneskap, utarbeide budsjett og vurdere lønsemda.

Sjå denne ressursen i biblioteket

CO-lab og oppgåver om vareflyt og kvalitet i verdikjeda. Elevane finn her døme på korleis ei råvare blir omdanna til ferdige produkt, og skal vurdere dilemma knytte til lønsemd og berekraftig utvikling.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Marknadsføring og innovasjon

I programfaget marknadsføring og innovasjon fokuserast det på å analysere forbrukaråtferd, og korleis ein kan bruke konkurransemidlane til målretta marknadsføring og innovasjon. Marknadsføring sjåast i samanheng med behovet for ei berekraftig utvikling.

I tillegg til ei kort innføring i bruken av LearnLab-ressursane, finn du her eit forslag til årsplan for skuleåret.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Denne serien omhandlar følgjande kompetansemål: Skildre administrative funksjonar og rutinar i ei verksemd og drøfte korleis desse påverkar kvaliteten og servicenivået.

Sjå denne ressursen i biblioteket

«Analysere forbrukaråtferd» fører tankane til kvalitative og kvantitative metodar for å finne eigna målgrupper som bedrifta kan selje produkt og tenester til. Kompetansemålet kan leggje opp til at elevane skal gjere meir eller mindre grundige undersøkingar baserte på demografiske og psykografiske segmenteringskriterium for deretter å definere ei målgruppe og setje eit marknadsmål. Dette vil gjere det mogleg å spisse marknadsstrategien for å oppnå marknadsmålet. MEN HUGS: Du har her å gjere med elevar på 16–17 år, så lat oss starte med å få dette ned på eit plan som elevane kjenner seg att i.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Eleven skal i denne serien lage ein enkel marknadsplan og gjere rede for val av mål og verkemiddel.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Auka digitalisering gir nye moglegheiter og krev ein heilt ny måte å tenkje marknadsføring på. Digitaliseringa har endra forbrukaråtferda vår, og dette har i sin tur endra korleis verksemder marknadsfører og selg produkta sine.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Denne serien inneheld ein faktalab (som er open) og ein sjølvstendig lab (oppstartslab) som du kan starte undervisninga med. Den sjølvstendige labben er ein kombinasjon av innhaldssteg og interaktive øvingar.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Å utvikle ein god forretningsidé er ein lang prosess som krev skriving og omskriving. I lærarrettleiinga finn du informasjon om korleis du kan nytte desse læringsressursane.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Denne serien omhandlar følgjande kompetansemål: Kjenne til og nytte gjeldande regelverk for sal og marknadsføring.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Udir har signalisert tydeleg at elevane må få prøve å selje noko i samband med arbeidet med dette kompetansemålet. Det finst her mange moglegheiter, og det er opp til deg som lærar korleis du legg til rette for at elevane skal få selje noko.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Denne serien omhandlar følgjande kompetansemål: vurdere sentrale konkurranseverkemiddel i samband med profilen og lønsemda til verksemder. Kompetansemålet opnar for å gi elevane ei brei innføring i korleis etablerte bedrifter nyttar marknadsmiksen for å skape lønsemd. Oppgåva oppmodar også til å bruke det lokale næringslivet i læringa gjennom observasjon.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Kultur og samhandling

I programfaget kultur og samhandling fokuserast det på vertskapsrolla, etiske dilemma i servicebransjen, nettverksbygging og servicemedarbeidaren si rolle i krevjande situasjonar.

I tillegg til ei kort innføring i bruken av LearnLab-ressursane, finn du her eit forslag til årsplan for skuleåret.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Denne serien omhandlar følgjande kompetansemål: utforske korleis ulike kulturar og bakgrunnar påverkar kommunikasjon og kundebehandling og ta omsyn til dette i møte med kundar og gjestar.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Denne serien tek for seg følgjande kompetansemål: Reflektere over ulike former for relasjonsbygging og forklare betydninga av nettverk.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Denne serien er knytt til følgjande kompetansemål: gjere greie for og vurdere korleis partane i arbeidslivet samarbeider for å utvikle eit betre arbeidsliv.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Denne serien omhandlar følgjande kompetansemål: Reflektere over etiske dilemma i servicenæringa og vurdere verkemiddel som kan fremje etiske og berekraftige val.

Sjå denne ressursen i biblioteket

I denne serien omhandles kompetansemålet: planleggje og gjennomføre eit arrangement og gjere greie for betydninga av vertskapsrolla.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Denne serien omhandlar følgjande to kompetansemål: å handtere klager og beskrive tiltak som førebyggjer konfliktar, og å gjere greie for kva rolle servicemedarbeidaren har i konflikt- og naudssituasjonar.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Yrkesfagleg fordjuping

Yrkesfagleg fordjuping skal gi elevane eit godt grunnlag for å velje lærefag og ein mogelegheit for å knytte kontakt med potensielle lærebedrifter. Yrkesfagleg fordjuping skal gi elevane ei opplæring som er relevant for deira framtidige yrkesutøving.