Entreprenørskap og bedriftsutvikling

Entreprenørskap og bedriftsutvikling handlar om innsikt i etablering og vidareutvikling av verksemder. Faget skal gi elevane ein teoretisk og praktisk forståing av korleis menneske og verksemder kan påverke utviklinga av næringsliv og samfunn. Faget handlar vidare om korleis entreprenørskap kan skape nye og utvikle eksisterande arbeidsplassar og førebu elevane på vidare studie og framtidig arbeidsliv.

Her finn du oversikt over ressursane, sortert etter fag:

Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1

Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 handlar om etablering av verksemder. Faget gir elevane ein teoretisk og praktisk forståing av korleis menneske og verksemder kan påverke utviklinga av næringsliv og samfunn.

Introduksjon til entreprenørskap og læremateriellet i Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Elevane skal utforske ulike kreativitetsprosessar, utvikle forretningsidear og forretningsmodellar, samt vurdere dei opp mot berekraftig utvikling. Dei skal utforske og bruke ulike innovasjonsprosessar ved etablering av verksemder.

Sjå denne ressursen i biblioteket

I EBU skal elevane reflektere over kva som kjenneteiknar ein god leiar i etableringsfasen, og korleis leiar og medarbeidarar samhandlar og set saman gode team. Denne serien ser nærmare på leiing som omgrep, og det vert lagt opp til å skape gode refleksjonar gjennom korleis ein kan få gode perspektiv på korleis team kan lukkast.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Elevane skal samanlikne og vurdere informasjon om marknader, kjøpsåtferd og segment for å ta avgjersler, gjennomføre situasjonsanalyse, vurdere utviklingsmoglegheiter og setje mål i ein oppstartsfase. Dei skal vidare utforske og bruke ulike konkurransemidlar i ein oppstartsfase. I denne serien finn du interaktive presentasjonar og elevaktivitetar.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Elevane skal berekne og vurdere pris og kapitalbehov, utarbeide budsjett og vurdere finansieringsmoglegheiter med tanke på risiko og ansvar for ei ny verksemd. Dei skal lese rekneskap og nøkkeltal for å vurdere ei verksemds lønsamheit.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Entreprenørskap og bedriftsutvikling 2

Entreprenørskap og bedriftsutvikling 2 handlar om vidareutvikling av verksemder. Faget gir elevane ein teoretisk og praktisk forståing av korleis menneske og verksemder kan påverke utviklinga av næringsliv og samfunn, og gir innsikt i korleis entreprenørskap kan skape nye og utvikle eksisterande arbeidsplassar, og førebu elevane på vidare studie og framtidig arbeidsliv.

I denne serien finn du ressursar som kan brukast i arbeidet med læringsstrategiar og øvingar fram imot eksamen.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Serien fokuserer på strategi og utvikling av verksemder.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Leiing, organisasjonstutvikling gjennom prosjekt, nettverk og samarbeid.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Serien fokuserer på strategi og utvikling av verksemder og korleis innovasjons- og forretningsmodellar er viktige i denne samanhengen.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Konsekvensar av berekraftig verdiskaping og korleis samfunnsansvar påverkar verksemder.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Støtteordningar til vidareutvikling og finansiering av kapitalbehov samt internasjonale forretningsmoglegheiter.

Sjå denne ressursen i biblioteket