Samfunnsfag

Her finn du oversikt over ressursane, sortert etter overordna tema:

Samfunnskritisk tenking og samanhengar

I dette temaet blir elevane trena til å oppdage samanhengar mellom det geografiske, historiske og det som skjer i notida. Elevane analyserer korleis makt og maktrelasjonar påverkar samfunnet. Dette inneber at elevane skal kunne undre seg, reflektere omkring og vurdere korleis kunnskap om samfunn blir til.

Dette er ein serie der elevane gjennom bileter, tekst, video, hypotesar og diskusjon får mogelegheiten til å samanlikne eiga erfaringsgrunnlag opp mot gruppas forståing av tidlege historiske periodar. Det er lagt opp til noko tverrfagleg med geografi og naturfag. Læraren får rask tilbakemelding på elevanes forståingsnivå og det leggjast opp til aukt forståing for nokon sentrale element i dei ulike periodane. Oppfølgingsspørsmål frå lærar står difor sentralt. Dette er store tidsepokar der lærar, gjerne saman med elevane, kan velje ut eigne tema for siden å gå ytterlegare i djupna på dei. Ver merksam på at tidsperiodane varierar frå område til område. 4-7 trinn.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Sjølv om ressursane inneheld tverrfaglege emne som hovudrekning, song og historie, har dei som hovudmål å la elevane reflektere rundt lover, reglar og konfliktar. Ressursane forsøker å legge til rett for aktive elevar på varierande måtar ved å nytte diskusjon, video, matching, spørjeundersøking og biletsky. Nytt gjerne ressursane i samanheng med 8.mai og 17. mai eller anna arbeid som handlar om lover og reglar eller konfliktar.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Om korleis teknologi og geografi påverkar levekår og demografi. Serien inneheld både reiser rundt om i verda og reiser i den teknologiske historia. Serien ser også mot framtida.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Demokratiforståing og deltaking

I dette temaet får elevane innsikt i skilnadane mellom land når det kjem til styresett og ivaretaking av menneskerettar. Dei får hjelp til å oppdage kvifor konfliktar har oppstått og oppstår. Dette inneber at elevane skal kunne undre seg, reflektere omkring og vurdere korleis kunnskap om demokratiforståing og deltaking blir til.

Opplegget tek sikte på innlæring av omgrepet: “Samfunn”. Opplegga kan gjennomførast på fleire måtar, men forfattar anbefaler små grupper på 2-3 elevar per eining. Samtale, diskusjon og refleksjon i fellesskap fremjar læring og interesse. God klasseleiing er ei sjølvfølge. Serien består av fleire labs som kan brukast saman, eller kvar for seg.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Elevane møter enkel informasjon som kan hjelpe dei til betre å forstå korleis demokratiet i Noreg vert påverka av eit stortingsval.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Vi ser på ulike sider av Fredsprisen. Elevane møter Alfred Nobel, årets vinnarar, nokre tidlegare vinnarar og dei får høve til å fordjupe seg i eigne vinnarar om dei skulle ønske det. Serien inneheld ei rekke refleksjonar, videoar og informasjonssteg med ulik vanskegrad.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Berekraftige samfunn

Dette temaet handlar om korleis ressursane er fordelt i ulike samfunn. Elevane blir trena i å forstå korleis endringar i fortid og notid påverkar kor berekraftig ulike samfunn er. Dette inneber at elevane skal kunne undre seg, reflektere omkring og vurdere korleis kunnskap om berekraftige samfunn blir til.

Tverrfaglege undervisningsopplegg om berekraftig utvikling.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Gjennom refleksjon og samtale jobbar elevane seg fram til forståing for det å vere på flukt. Serien består av fem labar som bygger på kvarandre, men dei kan også nyttast kvar for seg.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Identitetsutvikling og fellesskap

I dette temaet arbeider elevane med å forstå kvifor menneska søker saman i samfunn og korleis identitetsutvikling og fellesskap blir påverka av geografiske, historiske og notidige forhold. Dette inneber at elevane skal kunne undre seg, reflektere omkring og vurdere korleis kunnskap om identitetsutvikling og fellesskap blir til.

Kva er vennskap? Labane inneheld dilemma og spørsmål som aukar gradvis i vanskegrad. Elevane blir utfordra på eigen språkbruk og eigne og andre sine handlingar som kan oppfattast som mobbing. Inkludering er eit sentralt omgrep, og i siste lab blir dette sett i lys av moralske handlingar. Serien består av fire labar som bygger på kvarandre, men dei kan også nyttast kvar for seg.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Denne serien tek for seg ulike delar av den digitale verda vi lever i. Nettvit, digitale spor, kjeldekritikk og personvern er tema i denne serien. Den inneheld m.a. filmar og ein del tema til diskusjon i klassane. Serien kjem også inn på ein del personlege tema. Lykke til!

Sjå denne ressursen i biblioteket

Her finn du ressursar om det samiske urfolket, fagstoff om minoritetar i Noreg, urfolket og minoritetane sine rettar og forfølging av minoritetar. I lærarrettleiinga får du tips til gjennomføring av labane, samt ei oversikt over kor du kan finne meir informasjon om samane som urfolk og dei norske minoritetane.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Denne tverrfaglege laben tar opp mange av verdiane vi kan lese om i læreplanens overordna del og har med seg dei fleste kompetansemål (1.-7.trinn) som handlar om samane.

Sjå denne ressursen i biblioteket