KRLE

Her finn du oversikt over ressursane, sortert etter overordna tema:

Religionar og livssyn

I denne serien får elevane eit møte med ulike religionar og livssyn. Serien er delt i tre hovuddelar. I første del møter eleven ulike omgrep knytt til tru, og dei får komme med sine forkunnskap knytt til temaet. I andre del følger elevane NRK-serien «Selma og jakta på den perfekte tru», der elevane får reflektere rundt fem ulike perspektiv knytt til tru og tvil. I siste del får elevane sjølv velje ein djupdykksoppgåve der dei får bli betre kjent med ein religion.

I denne serien får elevane eit møte med ulike religionar og livssyn. Serien er delt i tre hovuddelar. I første del møter eleven ulike omgrep knytt til tru og får kome med sine forkunnskapar knytt til temaet. I andre del følger elevene NRK serien og får reflektere rundt fem ulike perspektiv knytt til tru og tvil. I siste del får elevene velge seg ei djupdykksoppgåve der dei får bli betre kjent med ein religion.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Kristne høgtider

Gjennom utforsking av konkrete dagar i kalenderen, vil denne serien vere ein variert inngang for å gi ei oversikt over heilagdagar og dei viktigaste religiøse høgtidene i kristendommen. Denne serien kan brukast på mange alderstrinn.

I denne serien får elevane lære om kvifor vi har fri dei raude heilagdagane i kalenderen. Kvifor har vi fri, og kva for kristen høgtid er denne raude dagen knytt til? Gjennom utforsking av konkrete dagar i kalendaren, vil denne serien gi ein variert inngang for å gi ei oversikt over heilagdagar og dei viktigaste religiøse høgtidene i kristendommen. CoLabene er relativt korte og kan vere fine å bruke som avslutning eller oppstart i forbindelse med dei offentlige heilagdagane. StoryLaben eignar seg godt som utvida arbeid i forbindelse med denne serien. Her får elevane velje seg eit land og finne ut kva for offentlege fridagar dei har der.

Sjå denne ressursen i biblioteket