KRLE

Her finn du oversikt over ressursane, sortert etter overordna tema:

Innføring i KRLE-faget

Serien Tenk om verda var ein ballong! formidlar KRLE-faget sin relevans og sentrale verdiar gjennom elevane si undring, der deira tankar, erfaringar og nysgjerrigheit blir ein viktig del av undervisninga. I LK20 står det at KRLE er eit sentralt fag for å forstå seg sjølv, andre og verda rundt seg. Gjennom kunnskap om ulike religionar og livssyn skal elevane utvikle evne til å leve i og med mangfald i samfunns- og arbeidslivet. KRLE skal gi øving i etisk refleksjon og bidra til å utvikle elevane si dømmekraft i kvardagen og i møte med samfunnsutfordringar. Serien sitt mål er å utvikle denne evna gjennom motiverande og elevaktive steg, slik at elevane sjølv ønsker å lære meir om menneska og samfunnet dei er ein del av.
Tenk om verda var ein ballong! formidlar KRLE fagets relevans og sentrale verdiar gjennom elevane si undring. Elevane sine tankar, erfaringar og nysgjerrigheit blir ein viktig del av undervisninga. I LK20 står det at KRLE er eit sentralt fag for å forstå seg sjølv, andre og verda omkring. Gjennom kunnskap om ulike religionar og livssyn skal elevane utvikle evna til å leve i og med mangfald i samfunns- og arbeidslivet. I KRLE skal elevane øve seg på etisk refleksjon og arbeid med faget skal bidra til å utvikle elevane si dømmekraft i kvardagen og i møte med samfunnsutfordringar. Målet for denne serien er å utvikle denne evna gjennom motiverande og elev-aktive steg slik at elevane sjølv ønsker å lære meir om menneska og samfunnet dei er ein del av.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Kristne høgtider

Gjennom utforsking av konkrete dagar i kalenderen, vil denne serien vere ein variert inngang for å gi ein oversikt over heilagdagar og dei viktigaste religiøse høgtidene i kristendommen. Denne serien kan brukast på mange alderstrinn.
I denne serien får elevane lære om kvifor vi har fri dei raude heilagdagane i kalenderen. Kvifor har vi fri, og kva for kristen høgtid er denne raude dagen knytt til? Gjennom utforsking av konkrete dagar i kalendaren, vil denne serien gi ein variert inngang for å gi ei oversikt over heilagdagar og dei viktigaste religiøse høgtidene i kristendommen. CoLabene er relativt korte og kan vere fine å bruke som avslutning eller oppstart i forbindelse med dei offentlige heilagdagane. StoryLaben eignar seg godt som utvida arbeid i forbindelse med denne serien. Her får elevane velje seg eit land og finne ut kva for offentlege fridagar dei har der.

Sjå denne ressursen i biblioteket