Bli kjend med LearnLab!

Share This Post

Vi har no laga fleire filmar for å gjere det enklare for deg å bli kjend med LearnLab teknisk, og bli kjend med våre produkt, og kva som er det pedagogiske tankegodset bak våre ressursar.

LearnLab er namn både på eit selskap og ei kasse med digitale verktøy. Vi har ein visjon om å støtte norsk skule med å utvikle djupare læring. Det gjer vi gjennom utvikling av undervisning, læringsaktivitetar og vurdering i våre digitale verktøy.

I dette klippet kan du sjå Frantz Gregersen, LearnLabs avdelingsleiar for djuptgåande læring, forklare kva LearLab er og kva som er fordelane med LearnLab som digitalt læringsverktøy.

LearnLab og djuptgåande læring

Interaksjonane i LearnLab er eit digitalt namn på vegen mot djupare læringsprosessar. I gamle dagar kunne vi høyre på radio og sjå på TV – og lære av den monologen dette utgjer. I LearnLab kan elevane kommunisere digitalt med programleiaren (læraren) og alle dei andre publikummarane (medelevane). Monologen erstattast av – ikkje berre dialog – men av eit fleirstemmig læringsunivers, kor alle bidreg og lærar av kvarandre på same tid. Dei lærene koplast digitalt saman til eit kollektivt læringsfelleskap kor dermed både elevar og lærarar blir lærene.

Ved å kople bilete, illustrasjonar, grafiske framstillingar, videoar, lydfilar, tekst m.m til interaktive oppgåver og spørsmål skapast engasjement for læring og utvikling. Elevanes føreåtforståing koplast saman med nye læringsmål og mogeleggjer læring for framtida.

Interaksjonane i LearnLab gjer det mogeleg for læraren og kvar enkel elev å «sjå» korleis medelevane tenkjer og løyser oppgåver. Dette opnar for at ein praktisk talt kan «tenkje saman» og dermed løyse oppgåver i felleskap framfor meir individualiserte arbeidsformar.

I dette klippet snakkar Frantz Gregersen frå LearnLab om kva djuptgåande lælring er og korleis LearnLab legg til rette for det:

Gode djuptgåande læringsaktivitetar er heilt sentral i vår innhaldsproduksjon. Innhaldet vårt består av eit stort kvalitetssikra arkiv, med interaktive, faglege og tverrfaglege undervisnings- og læringsopplegg på alle klassetrinn. Vi utviklar oppgåver som utfordrar elevane til å tenkje nytt, kritisk og kreativt – åleine og saman med andre. Opplegga våre er difor ikkje prega av utanåtkunnskapar og fasitsvar, men av rike, opne oppgåver med ein intensjon om å fremme indre motivasjon og lærelyst.

Designa for djuptgåande læring og samarbeid

Pål Berglund jobbar som lærar på fulltid, er ein av flere lærarar som har vore med på å skape dei digitale ressursane i LearnLabs lisens for grunnskule. Pål trekkjer fram både djuptgåande læring og samarbeid som læringsverktøyet styrkar. Høyr på kva Pål har å sei om kvifor han brukar LearnLab med sine elevar.

Tips! LearnLab fungerar like bra i klasserommet eller om elevane er heime. Pål delar også nokre tips frå si erfaring med LearnLab til bruk i fjernundervisning, dei kan du lese her.

LearnLabs digitale ressursar

Med LearnLab lisens får du tilgang til LearnLabs digitale ressursar. Her får du fleksible og interaktive opplegg som legg opp til djupare læring gjennom kollektiv deltaking for elevane, samarbeid og fokus på sentrale omgrep. Dømer på tema: berekraft, relasjonar, samfunn, demokrati, retorikk og forbruk. Læringsopplegga er eigna til å samarbeide rundt sentrale omgrep i ein periode. LearnLabs ressursar er organisert i periodar som eignar seg til tverrfagleg undervisning og læring.

I dette klippet får du ei kort innføring i nokre av dei grunnleggjande funksjonane i LearnLab:

Dersom du ikkje har laga deg brukar på LearnLab har vi eit innlegg her som forklarar deg korleis du kan lage deg brukar og kome i gong.

Meir generell informasjon om LearnLabs produkt finn du her

Korleis bruke LearnLabs digitale ressursar?

LearnLabs digitale ressursar er svært fleksible, der lærarane sjølv kan justere, endre og tilføye dersom det er ynskjeleg. Oppgåvane er i all hovudsak opne og problemløysande. Læremiddelet anbefalar ei rekkjefølgje med stigande progresjon og vanskegrad, men lærarane står fritt til å velje ut frå eiga kontekst.

Mange opplegg byggjer på kvarandre slik at det blir ein god progresjon i elevanes arbeid. Dei er knytta saman til periodar i LearnLab. Her finst det også forslag til oppgåver og vurderingsmåtar som ikkje føreset skjermbruk.

I denne filmen gjev Jarl Inge Wærness, LearnLabs innhaldsdirektør, ei innføring i dei grunnleggjande funksjonane i LearnLab. Du får blant anna sjå korleis du finn ressursar og korleis dei ulike stega kan sjå ut i praksis:

Leiing av framtidas skule

Morgendagens medborgarar skapast i dag og born og unge skal ut i yrke som enno ikkje eksisterar. LearnLab hjelp skuleeigarar og skuleleiarar i møte med desse utfordringane gjennom å kombinere det beste frå pedagogisk forskning med læringfremmande bruk av digital teknologi.

Johnny J. Gangsøy som jobbar med leiingsutvikling LearnLab oppfordrar deg til å ta kontakt for eit uforpliktande tilbod.


More To Explore
Digitale ressurser for fjernundervsining

Digitale ressursar for fjernundervsining

Med LearnLabs digitale læringsverktøy kan lærarar leggje til rette for god heimeundervisning, og samstundes arbeide vidare med sentrale omgrep i Fagfornyinga. LearnLab vil leggje ut